Det er ikkje av ingen grunn New York vert kalla the city that never sleeps - her skjer det noko 24 timar i døgnet. Mykje folk, deriblant mange turistar.
Då eg først reiste til byen i mai 2011, aleine, vart eg litt skuffa. Det var stort, uendelige folkemengdar og tusenvis av restaurantar og kafeear å velja mellom. Etter første dag var skuffelsen over, eg hadde brukt fleire timar i Central Park, shopping, Magnolia Bakery og prøvd ut alle kaffiar på Starbucks. Eg var frelst!
Einaste erfaringa eg har med
overnatting er at det er dyrt, og du får lite og dårleg for pengane. Spesielt i høgsesongen frå juni til september, samt rundt juletider.
MEN, du kan få billig om du tør ta sjangsen og bestill via
www.priceline.com . Det fungerer på følgjande måte: Du bestem eitt område du vil bu i, og antall stjerner. Dermed gir tilbud på kor mykje du vil betale pr. natt. Om du får "ja", vil dei trekke pengar frå deg, og du vil etterpå få vite hotellrom, om "nei" vil ingenting skje. Du får med andre ord ikkje vete kva hotell du får før etter du har betalt.
Eg nytta meg av dette, og betalte knappe 4000kr for 6 netter på
W New York, som låg ved Lexington avenue, nært 5th avenue og Rockefeller Center.
Då eg var der i mai 2012, booka me via hotels.com, og budde på
Best Western Times Square hotel. Me fekk eitt lite, lite rom, som heldigvis var skittent, og vart oppgradert. Betalte rundt 8000 for 6 netter.
No skal eg og ei veninne snart til New York igjen, og har bestilt rom med eige toalett hos ein framand via nettsida
www.airbnb.com. Prisen er 2500kr for 6 netter for 2stk. Her fungerer det slik at ein leiger ut rom ein har ledig i leiligheta og tjener på det. Her kan du òg leiga hus, leilighetar rundtom i heile verda i alle prisklassar. Verdt eitt klikk!