mandag 19. mai 2014

Ni Hao!

BEIJING

er byen....
- folk veit om men ikkje reise til
- som har over 21millionar innbyggerar
- der ordet ikkje eksisterer
- kor facebook, spotify og blant anna youtube er sperra (last ned appen: vpn, og du kjem deg innpå)
- der dei et og avlar hundar på same måte som me gjer med kyr og sauer


Eg tilbrakte ei veke i Beijing påsken 2014. Mitt første møte med byen var eitt lite kultursjokk:

Svært få snakka engelsk.
Alle ungane hadde hol i rumpo på bukso (med bleia under såklart. Men poenget er?).
SKITNE bord og gulv på restaurantane (og maten kom etter 3minutt).
Første mann inn på undergrunnen og her brukar me makt når personen før er ferdig å betala i kassen på HM  - bokstavlig talt.
Voksne folk tissar midt i gata, og spyttar, hostar og harkar om ein anna.

Panda i Beijing Zoo
Den Forbudte by



Alt i alt er opplevingane upåklagelige! Har vert på ca. 90% av alle turistattraksjonane i heile Beijing (utanom museum) - Den kinesiske mur ved Mutianyu, Forbudte by, Himmeltempelet, Beijing Zoo, sommerpalasset - you name it!

Kinesiske mur - Mutianyu
  
 Kom over eitt bra tilbod på hotellet Raffles Beijing som er absolutt anbefalt! Fantastisk service, store rom, og meget sentralt. 




mandag 12. mai 2014

fredag 11. april 2014

Norwegian in American style

I Fort Lauderdale fekk eg prøvd meg på å vera litt amerikansk.
Me hadde tilgong på både bil og sykkel, og nytta difor anledninga til å farta litt rundt.
I USA har dei eigne kafeàr der du kan lesa alle nyaste blad, og evt kjøpa etterpå om du vil - genialt!





Drive in-kino var nett som på film - om ein har mulighet bør ein gjer da! Her snakkar me kinoplass på størrelse med fotballbanar, og filmen du ser har eigen radiokanal så gjer at du får lyd på stereoanlegget i bilen.













Dunkin' Donuts har dei beste donutsane og oreo-milkshaken.















Rodeo i Homestead















Frozen Yoghurt på strando - mmm













Luftbåtsafari i Everglades

fredag 28. mars 2014

Amsterdam

Amsterdam er nett som på bilete, faktisk endo meir sjarmerande.
Uendelig mange smågater og elvar. Koselige kafeàr og butikkar.
Her er da fint å reisa aleina tilogmed.



Me var 4 veninner som reiste saman i mars 2014. Budde på Best Western Blue Tower hotel, billig, fint og sentralt - trikken som går til sentrum stoppar rett utafor.
I Amsterdam finn ein blant anna Anne Franks' hus. Me tok ikkje turen då me hadde knapp med tid, og ikkje bestilt billettar på førehand (noko ein bør gjer!).


tirsdag 25. mars 2014

SKRAPEKART

Den perfekte gåva til både liten og stor! Spesielt for reiselystne.
Eg fann mitt kart på Urban Outfitters i Amsterdam. Har endo ikkje åpna det. Men med eindel reisemål i vente, ser eg fram til å skrapa!



Du kan kjøpa kartet her: http://www.coolstuff.no/Scratch-Map.
Eg såg det òg på Nomaden sin butikk i Oslo forrige veke.


Ps: Kartet fins og i Europautgåve!

mandag 24. mars 2014

Magnolia Bakery, New York



Alle som har sett Sex and the city kjenner vel att Magnolia Bakery?


Det åpnar kl 07.00, og du må som oftast stå i kø for å sikra deg ein godbit. Heldigvis gjekk det overraskande fort, og det var verdt køinga. Du kan finna 5 Magnolia Bakery i NY, og det er så absolutt verdt eitt besøk!



lørdag 22. mars 2014

Sleep in The City that Never Sleeps




Det er ikkje av ingen grunn New York vert kalla the city that never sleeps - her skjer det noko 24 timar i døgnet. Mykje folk, deriblant mange turistar.

Då eg først reiste til byen i mai 2011, aleine, vart eg litt skuffa. Det var stort, uendelige folkemengdar og tusenvis av restaurantar og kafeear å velja mellom. Etter første dag var skuffelsen over, eg hadde brukt fleire timar i Central Park, shopping, Magnolia Bakery og prøvd ut alle kaffiar på Starbucks. Eg var frelst!


Einaste erfaringa eg har med overnatting er at det er dyrt, og du får lite og dårleg for pengane. Spesielt i høgsesongen frå juni til september, samt rundt juletider.
MEN, du kan få billig om du tør ta sjangsen og bestill via www.priceline.com . Det fungerer på følgjande måte: Du bestem eitt område du vil bu i, og antall stjerner. Dermed gir tilbud på kor mykje du vil betale pr. natt. Om du får "ja", vil dei trekke pengar frå deg, og du vil etterpå få vite hotellrom, om "nei" vil ingenting skje. Du får med andre ord ikkje vete kva hotell du får før etter du har betalt.
Eg nytta meg av dette, og betalte knappe 4000kr for 6 netter på W New York, som låg ved Lexington avenue, nært 5th avenue og Rockefeller Center.
Då eg var der i mai 2012, booka me via hotels.com, og budde på Best Western Times Square hotel. Me fekk eitt lite, lite rom, som heldigvis var skittent, og vart oppgradert. Betalte rundt 8000 for 6 netter.

No skal eg og ei veninne snart til New York igjen, og har bestilt rom med eige toalett hos ein framand via nettsida www.airbnb.com. Prisen er 2500kr for 6 netter for 2stk. Her fungerer det slik at ein leiger ut rom ein har ledig i leiligheta og tjener på det. Her kan du òg leiga hus, leilighetar rundtom i heile verda i alle prisklassar. Verdt eitt klikk!